vinterflora

Vinterflora 2017 – Florameisterskap i bedriftsleik

Laurdag 28. januar kan ditt lag utfordre regjerande meister SFE Nett i den opne Florameisterskapen i Bedriftsleik! Både einskildbedrifter, bedrifter som slår seg i lag og vennelag er velkomne! Og etterpå blir det premieutdeling og Afterski på Haavebua!

PÅMELDING – gjerne med ein gong:-) (seinast innan 10 januar):
Send epost med namn på laget, kontaktinfo til kontaktperson og fakturaadresse til: Barbro Furset/Per Øyvind Helle – post@byenfloro.no – telefon 91399021/40402905.

INNHALD

Dette er VINTERFLORA laurdag 28 januar:

Kl 10.30: Samla registrering og offisiell opning av VINTERFLORA på Torget i Florø.
4-manns-lag. PÅMELDING INNAN 10 januar. Større bedrifter kan stille med fleire lag. Små bedrifter kan slå seg saman og stille lag. Vennelag er også velkomne. Om du stiller 4 damer eller 4 herrer på laget er opp til deg – men ein miks hadde vore flott:-)

3 av 4 øvingar er som i fjor (kontinuitet er viktig!) – og litt fornying må vi også ha:-)

4 ØVINGAR
1) kl 11.30 – 12.00 – Torget: Spikerslåings-stafett i stubbe. Alle 4 på laget slår i to spiker kvar på raskast mogleg tid.

2) kl 12.15 – 13.00 – Strandgata: SKI-stafett i Strandgata (på asfalt!) Stafett: 70 meter. Dei 4 på laget går på samme par ski, veksling foregår ved å hoppe oppi skistøvlane til den du vekslar med! (Laget skaffar sjølv eit par «utdaterte» ski om på asfalt – bruk same skistøvelpar til alle på laget. Raskast tid.

3) kl 13.15 – 14.00 – Torget: Fiskestangkasting på flatmark! Dei 4 utøvarane får eit prøvekast og eit gjeldande kast kvar: Kast med dupp, kom nærmast ein liggande blink som blir laga. Presisjonskast – kortast avstand til blink samanlagt på dei 4 deltakarane vinn øvinga. Laga ordnar sjølv ei fiskestang med dupp. (Når ein kastar; det er ikkje lov å bremse kastet med snella eller handa, snøret skal gå fritt frå kastet er utført).

4) kl 14.15 – 15.00 – Strandgata: Stylte-stafett. Alle 4 deltakarane på laget deltar. Arrangør stiller med stylter. Raskast mogleg tid. 20 meter tur-retur i Strandgata.

Subseastudentar er funksjonærar og syt for at tider og plassering blir registrert undervegs.

5) Kl 21.00 – 22.00 – AFTER SKI på Haavebua. Premiering av vinnarane i Florameisterskapen i Bedriftsleik med litt mat og prat og underhaldning. Bedriftene som har deltatt og studentane som er funksjonærar minglar.

Kl 22.00 – dørene opnast for alle til afterski-party.

PÅMELDINGSAVGIFT pr lag til den opne Florameisterskapen i bedriftsleik: kr 3900,- mva.fritt for eitt 4-mannslag (inntil 6 deltakarar kan bytte på dei 4 etappane på kvar øving). Inkluderer punkt 1-5 over. Premiering til dei 3 beste laga og vandrepokal til vinnaren. Pris pr ekstra deltakar utover 4 stk på afterski: kr 300.

Gjennom leik, humør og humor blir ein sett i ein «modus» der ein «tør» meir, tenkjer større, byr meir på seg sjølv og er meir mottakeleg for å «danse med andre» (bokstavleg talt ogsåJ)

Hygge og glede 🙂