Bedriftsdag hos Spenst Florø 11. desember
Fredag 11. desember frå kl 11-14.00 inviterar Spenst Florø bedrifter i Flora til omvisning og presentasjon av samarbeidspartnarar.
Som leiar eller HMS ansvarleg for ei bedrift vil dette vere ei fin anledning til å bli kjent med senteret og å få utfyllande informasjon om kva vi kan tilby av bedriftsavtalar, løysing på sponsing av trening for dei tilsette, måtar å få ned sjukefråvær osv.
Sunnfjord Spa vil vere tilstades. Dei kan tilby lukka lag (firmafest/samling), eit spennande alternativ for møteaktivitet/kundemøte, gåvepakkar, behandlingar og mykje meir.
Lien Helse pratar om viktigheita av eit sunnare kosthald og ein meir aktiv kvardag, og kva det kan gjere for å auke livskvaliteten og halde sjukefråvær nede.
Ernæringsfysiolog Hanne besøkjer gjerne bedrifta di for å halde fordrag og utarbeide individuelle kosthaldsplanar for dei tilsette.
Våre trenarar og behandlarar vil også vere tilgjenglege på senteret.
Velkommen innom Spenst Florø!