Ta eit krafttak for lærlingane og framtida
Flora Industri- og Næringsforening vil saman med Bremanger Næringsråd og Førde Industri- og Næringssamskipnad slå eit slag for framtida. Vi oppfordrar alle kommunane og medlemane våre til å ta inn ein ekstra lærling.
Flora Industri- og Næringsforening, Førde Industri- og Næringssamskipnad og Bremanger Næringsråd vil oppmode alle bedrifter og kommunar i fylket til å ta ei ekstra runde med seg sjølve og vurdere moglegheita for å ta inn ein ekstra lærling. Ta eit krafttak for den framtidige fagkunnskapen og arbeidskrafta i Sogn og Fjordane!
Last ned og les heile brevet vårt (pdf) til medlemane her:
– Både kommunar, bedrifter og lærlingar må gå frå ei passiv til aktiv haldning, seier Bjørn Hollevik til Firda.
– I mange år har vi motivert ungdommar til å ta yrkesfag. No har vi ikkje lærlingplassar til dei, seier Bjørn Hollevik til Firdaposten.
– Kortreist utdanning pluss kortreist sysselsetting er lik auka busetting lokalt, seier personalsjef Anne Karine Lysne i Westcon Yards Florø.