Velkommen til sommartreff
21. mai kl. 18.30 – 21.00
21. mai kl. 18.30 – 21.00
No nærmar det seg sommar, og kva er vel betre enn å samle FINe folk til eit triveleg treff?
Onsdag 21. mai inviterer vi alle medlemmar til sommartreff – ein kveld med god mat, hyggeleg selskap og kanskje eit glas eller to.
Stad: Sentralt i Florø, vert annonsert seinare
Tid: 18.30 – 21.00
Vi har ein dyktig kokk som tryllar fram herleg servering av grillmat – gratis for dykk som kjem. Det vert mogleg å kjøpe seg alkohol for dei som ønskjer det. Tor Førde, styreleiar i FIN, gir ei kort oppdatering på kva vi jobbar med. Aktivitetssenteret Havglytt vil fortelje om kva som skjer på huset, kva dei kan tilby og korleis dei jobbar med utanforskap.
Det blir ein uformell kveld med lave skuldre – perfekte for å prate, knyte kontaktar og feire starten på sommarhalvåret.
For å vite kor mykje mat vi skal ha klart, ber vi deg melde deg på innan 20. mai kl. 15.00.