PROTOKOLL
Link til PDF
- Opning ved leiar i FIN, Bjørn Hollevik.
Sakliste og innkalling vart godkjent.
- Val av møteleiar
Bjørn Hollevik vart vald.
- Val av sekretær
Anita Øygard vart vald.
- Val av to representantar til å skrive under protokollen.
Lone Bareksten og Malvin Horne vart valde.
- Årsmelding for 2023
Framlegg til årsmelding var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende årsmeldinga.
- Driftstilskot 2024
Framlegget om vidareføring av dagens driftstilskot vart godkjent.
- Styrehonorar 2024
Framlegget om vidareføring av dagens satsar for honorar vart godkjent.
- Rekneskap for 2023 og budsjett 2024
Framlegg til rekneskap og budsjett var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende rekneskap og budsjett.
- Arbeidsprogram for 2024
Styret hadde i si innkalling oppfordra årsmøtet til å komme med innspel til arbeidsprogram. Det nye styret i FIN skal utforme og publisere arbeidsprogrammet.
Årsmøtet hadde følgjande innspel til arbeidsprogram:
- FIN og bedriftene må legge til rette for og spele på lag med NAV for å få ungdom, som fell utanfor det vanlege løpet, ut i arbeid. Bedriftene må sjå at ein kan senke terskelen, og ta inn ungdom som ikkje er klare for å bli lærlingar.
- Energi / kapasitet og grøn energi til Florø. Ein må halde oppe presset mot Linja, og løfte fram Grov som eit viktig knutepunkt. Sjå til at linjeføringa frå Guleslettene vert gjennomført. Vektlegge at Florø er ein næringstett by som treng mykje kraft. Bedriftene som treng meir energi må prioriterast. Viktig å jobbe politisk, og vise kva initiativ det er i Florø, slik at ein blir høyrt i kampen om energien.
- FIN må jobbe for å sikre kraft lengst vest i Florø, med tanke på dei store bedriftene, flyplassen og øyane i vest.
- Samarbeid med skuleverket, involvere medlemsbedriftene i arbeidet. Formidle til elevar, foreldre og rådgjevar kva arbeidskraft næringslivet treng.
Legge til rette for utdanning i Florø som passar for næringslivet.
- Samarbeid med Florø VGS, Studiesenter Kysten, opplæringskontora og Folkeuniversitetet.
- Engasjere seg i kommuneplanar.
- Involvere seg i planarbeidet til nye Markegata.
- Samarbeid næringsliv og U40 satsinga.
- Havbruksnæringa treng hjelp til å rette opp eit «dårleg rykte». Jobbe for å unngå negativitet i kommunikasjonen med politisk miljø og folk flest.10. Val av styre
Innstillinga frå valkomitéen vart framlagt av Jo Dale Pedersen, og vedteken slik den låg føre.
Nytt styre FIN 2024:
Styremedlem Tor Førde (ny, for 2 år)
Styremedlem Linn Theres Nekkøy (attval, for 2 år)
Styremedlem Tore Nyttingnes (ny, for 2 år)
Styremedlem Kristin Bergstøl Hansen, (ikkje på val)
Styremedlem Anders J. Lien (ikkje på val)
Varamedlem Lone Bareksten (ny, vald for 1 år)
Varamedlem Deon Mortensen (ny, vald for 1 år)
Fordeling verv:
Styreleiar Tor Førde og nestleiar Linn Theres Nekkøy tiltrer i rollene 1.1.2025.
Bjørn Hollevik vert konstituert leiar fram til 1.1.2025.
11. Val av valkomité
Etter innstilling frå styret vart desse valde som valkomité:
Ann-Kristin Strømmen (ny), Marianne Ullaland Knapstad (ny) og Bjørn Hollevik (ny). Valkomitéenkonstituerer seg sjølv.
Temamøte etter årsmøte:
Leif Belsvik orienterte om Nor Tekstil si historie og fantastiske utvikling frå 1970-talet og fram til i dag. Vekst, utvikling, innovasjon og ekspansjon frå den spede starten i sjukehuskjellaren i Florø, til ein i dag har 26 vaskeri over heile landet.
Anita Øygard Lone Bareksten Malvin Horne