Nytt håp om FOT-ruter etter lobbyarbeid
Oslobesøk gir håp
Oslobesøk gir håp
Bjørn Hollevik, Vidar Grønnevik, Ola Teigen og Jacob Nødseth var onsdag 21. oktober i Oslo – og hadde møte med mange viktige samarbeidspartar om FOT-rutene.
Dei hadde møte med parlamentarisk leiar i Venstre, Terje Breivik som Jacob Nødseth kjenner godt. Dei hadde møte med leiaren for transportkomiteen på Stortinget, Helge Orten (H). Han har dei også møtt fleire gongar tidlegare då Florø har samarbeidd med møre-benken som er opptekne av å få Hovden (Ørsta-Volda) inn som full FOT-flyplass. Så hadde dei også møte med statssekretær Hilde Ofte Arntsen (KrF) og Morten Stordalen i Frp som sit i transport og miljøkomiteen. Dei var dessutan i kontakt med næringslivet og Torbjørn Lothe i NHO luftfart.