NFD ut i landet 2014
20. oktober var FIN vertskap for 6 byråkratar frå Nærings- og Fiskeridepartementet som skal gjere seg kjent med kva «som rører seg» rundt om i landet. NFD ut i landet 2014, er eit prosjekt der byråkratane skal ut å besøke ulike bedrifter i heile landet. Delegasjonen som kom til Flora, var svært fornøgde med besøket, der dei var innom 8 bedrifter i løpet av 7 timar. Leiar i FIN Bjørn Hollevik hadde lagt opp til eit stramt og effektivt program, og delegasjonen frå Oslo var glade for å få trekke i kjelledressar og verneutstyr og få eit godt innblikk i kva som skjer rundt om på arbeidsplassane i kommunen.
FLYTÅRNET var første stogg, der dei vart ønskt velkommen av ordførar Bengt Solheim Olsen, fylkesdirektør Jan Heggheim og Avinorsjef Siv Merete Stadheim. Sjå artikkel i Firdaposten.
EWOS: Fabrikksjef Rune Ryland viste rundt på anlegget, og avslutta med ein tur om bord i den nye båten Artic Fjell.
NORTEKSTIL: Leif Belsvik gjorde greie for historia og aktiviteten til vaskeribedrifta og konsernet, og viste rundt på vaskeriet.
WESTCON: Gustav Johan Nydal orienterte om aktiviteten på verftet og framtidsutsiktene. Delegasjonen med ei runde i verkstadhallen, i dokka og på kaiene.
INC: Her var det lunsj og Geir Johannessen orienterte om aktiviteten på basen.
RAMCO: Arild Moe viste rundt opå anlegget og forklarte kva som er deira oppgåver.
SUNNFJORD REINSEFISK: Her orienterte Elin Tveit Sveen og Halvard Hovland om utviklinga av berggylte som luserensar. Det vart og ein tur for å sjå stamfisken.
KINN BRYGGERI: Espen Lothe fortalde om utviklinga av bryggeriet, og det vart også tid til litt prøvesmaking.