NAV marknadsteam
NAV Sogn og Fjordane jobbar aktivt for å bli betre kjende med næringslivet for betre å kunne bistå bedrifter og arbeidssøkarar. Susen Stavøstrand og Siv Dyrnes var med på FIN sitt styremøte 19. januar og presenterte arbeidet sitt.
Presentasjonen som NAV hadde med til styremøtet i FIN, fortel mellom anna om stoda i Florø samanlikna med nabokommunar, fylket og landet:
NAV_presentasjon (PDF)
Her er ei lenke til annonse med oversikt over bedriftene som er påmeldt på messa i Stryn 07.02.17. Det viser litt om korleis NAV marknadsfører opne messer som dei arrangerer. I tillegg nyttar dei avisannonser og sosiale media.
For lukka messer slik den som blir arrangert i Førde 9. mars i år er det ingen annonsering, men NAV kallar inn relevantant kandidatar til dei stillingane som presenterast på messa.