Næringslivssamling i Måløy 2. november
Måløy Vekst inviterer FIN til Måløy
Måløy Vekst inviterer FIN til Måløy
2. november inviterer Flora Industri- og næringsforening og Måløy Vekst til fellessamling for næringslivet i Kinn på Parken kulturhus på Raudeberg, med presentasjonar, diskusjonar, sosialt samvær og samarbeid på agendaen.
Næringslivet i kommunen har mange felles utfordringar og ikkje minst felles moglegheiter. Vi ønskjer difor å bidra til at bedriftene i kommunen kan bli betre kjent og ikkje minst etablere kontakt og samarbeid der det er mulig og naturlig. Vi håper difor at flest mogleg vil vere med denne dagen.
Samlinga er på Parken kulturhus onsdag 2. november, startar kl 13.00 og avsluttar kl 18.00.
For dei som ønskjer det, så kan ein også delta på en felles middag fra kl 18.00 til FIN-medlemmane returnerer med båt kl 20.00. Her vil det bli servert Andeconfit frå Havfruen, med Créme Brûlée til dessert.
Påmelding skjer gjennom følgande skjema: https://forms.gle/jpg3hztxHMHzTLtm6 både for samlinga og middagen. Påmeldingsfrist 30. oktober