Mingling og kjekling i Stavang 28.9.
Onsdag 28. september
ønskjer vi velkomen til mingling og kjekk kjekling med våre kollegaer i Førde Industri- og næringssamskipnad.
Eigenandelen er berre kr 200 pr person, så bli med oss på ein flott ettermiddag- og kveldstur til Stavang!
Påmeldingsfrist: Vi må ha tilbakemelding på om du blir med innan onsdag 21. september – send påmelding direkte til Anita på epost: anita@atilaa.no
Opplegg og tidsplan:
- 15.30: Buss frå Firda Billag (v/Vinmonopolet). Kjekt om alle tek bussen saman!
- 16.30: Enkel tapas m/1 gl drikke på Stavang skule. Grendaskulen står sterkt i lokalsamfunna – det får vi vite meir om
- 17.15 – 19.15: Moro i mark og myr! Uformelle konkurransar slår aldri feil. Kjøpmann, moromann og Stavang-patriot Steinar Svardal legg opp til ein spennande mangekamp saman med Per Øyvind Helle. Vi delar inn i lag etter at vi har fått påmeldingar frå dykk. OBS! Ikkje nødvendig med jaktuniform, men kanskje ei varm jakke om veret ikkje skulle bli heilt slik som på bilete.
- 19.30: Middag på grendaskulen (grilla entrecôte m/tilbehør, inkl 1 gl drikke øl/mineralvatn). Høve for kjøp av drikke i lokalet. Gjerne med uformelle innslag frå deltakarar. På gamle skular har dei både nedtrekkbare kart som du hugsar frå barndommen, og jamvel prosjektor og lerret! Den gode praten går.
- 20.45 – 21.00: Underhaldningsinnslag og premieutdeling.
- 22.15: Bussen går frå Stavang. Du er heime før du veit ordet av det.
Meld deg på innan 21. september til anita@atilaa.no