Medlemsmøte om kommunesamanslåing på kysten
Kallar med dette inn til ope medlemsmøte i Flora Industri- og Næringsforening
DAG: torsdag 19. januar kl. 18.00 – 20.00
STAD: Quality Hotel Florø
TEMA: Kommunesamanslåing på kysten
PÅMELDING: På grunn av enkel servering ber vi om tilbakemelding om du kan møte – innan tysdag 17. januar kl. 12.00 til anita@atilaa.no
Bakgrunnen for møtet er at eit 20-tals næringslivsrepresentantar frå Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje var samla i Kalvåg 9. januar, og kom med ei uttale som er kjent i media.
Gruppa var samde om dei følgjande muligheitene og punkta:
- Tjuefem prosent av innbyggjartalet i Sogn & Fjordane sikrar den nye kommunen posisjon som ein maktfaktor i forvaltningsstrukturen i fylket. Også i ei eventuelt ny og større fylkessamanslutning på kysten.
- Ei samla satsing på Florø Lufthamn vil sikre den nye kommunen eit framtidsretta tilbod med god regularitet.
- Ei felles satsing på Stad Skipstunnel sikrar vidareutvikling av nye næringar frå Florø til Ålesund.
- Ei felles satsing på 45-minutts-regionen vil sikre gode kommunikasjonar intern i kommunen, og skape ein felles bu- og arbeidsregion.
- Næringslivet er trygge på at dei gjennom eit felles utviklingsselskap kan skape nye arbeidsplasser meir effektivt, utan begrensingane som ligg i dei gamle kommunegrensene.
- Næringslivsgrupperinga legg til grunn at ei ny, stor kystkommune i økonomisk vekst skal ha ein slagkraftig offentlig sektor, med eit styrka, lokalt tilstedeverande tilbod innan helse/omsorg og utdanning.
- Ei ny storkommune som skapar store verdiar for fellesskapet frå mogelegheitene som ligg i havrommet, vil stille sterkt i framtidig fordeling av relevante statlige arbeidsplassar.
Den nye kystkommunen vil gi følgjande næringsretta synergiar:
- Ha ei av Norges største hamner
- Vere globalt leiande innan pelagisk industri og havbruk
- Ha ei av Norges sterkaste klynger av verftsindustri
- Ei auka satsing på kystturisme
- Ei styrka satsing på nye teknologiske næringar og det grøne skiftet
FIN inviterer næringslivsrepresentantar og den politiske leiinga frå kommunane som var representert i Kalvåg. Vi inviterer også inn bystyremedlemmane i Flora og representantar for Kystvegen og Fram Flora.
Florø 13. januar 2017
Bjørn Hollevik
Leiar FIN