KORONA og permitteringar
Informasjon frå NAV
Informasjon frå NAV
Viktig informasjon om NAV i Koronasituasjonen til arbeidsgjevarar og berørte tilsette i kommunane i Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad;
Les digital informasjon først
Vi oppfordrar alle arbeidsgjevarar til å halde seg oppdatert på våre nettsider.
Viktige lenker:
Varsel om permitteringar skal meldes til NAV
Skjemaet NAV 76-08.03 sendast til nav.forde@nav.no
Informasjon og råd til tilsette som blir permitterte
Tilsette med permitteringsvarsel skal ikkje henvende seg til sitt lokale NAV-kontor. Dei finn oppdatert informasjon på nav.no. Det er viktig at arbeidsgjevarar sørger for at tilsette får den nødvendige dokumentasjonen frå arbeidsgjevar, slik at NAV får til en smidig behandling av søknader om dagpengar.
Viktige vedlegg som arbeidstakaren må ha med i søknaden:
Permitteringsvarsel
Permitteringsvarselet må innehalde følgande: skal vere datert, angje varselfrist, permitteringsårsak, permitteringsgrad, permitteringsperiode og at det føreligg underskriven protokoll på at vilkår for permittering er oppfylt.
Arbeidsavtale eller stadfesting på arbeidsforhold
Stadfesting på arbeidsforhold må innehalde følgjande: når begynte vedkommande i jobben, stillingsprosent, eventuell informasjon om variabel arbeidstid/skift/turnus/rotasjon
Døme på stadfesting av arbeidsforhold:
Ola Nordmann har vore tilsett hos Bedrifta som økonomimedarbeidar sidan januar 2008. Han har hatt 100 prosent stilling til dags dato med ordinære arbeidstider.
som arbeidssøkjar hos NAV
som treng bistand utover dette:
Ring Arbeidsgjevartelefonen til NAV tlf. 55 55 33 36.
Bedrifter i kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll, Fjaler og Hyllestad kan også henvende seg via nav.forde@nav.no – vi tek kontakt så snart som råd.