Kommuneplanen sin samfunnsdel
Flora kommune skal i gang med revidering av kommuneplanen sin samfunnsdel. Dette er det overordna arbeidet/dokumentet for korleis bystyret vil at Florasamfunnet skal utvikle seg. Bystyret har invitert FIN til å delta med ein representant i kvar av følgande temagruppe:
- Næringsutvikling, verdiskaping og kompetanse
- Samferdsle og infrastruktur
- Klima og miljø
- Innvandring og integrering
Dette er eit viktig arbeid som næringslivet i Flora skal og må involvere seg i. Arbeidet i temagruppene vil skje i februar – mars, og det blir 3-5 møter i kvar gruppe. Styret i Flora Industri- og Næringsforening oppfordrar medlemmane sine til å delta i dette viktige arbeidet. Har di bedrift ein representant som har spesielle interesse for desse tema? Vi oppfordrar næringslivet til å engasjere seg i kommuneplanen og setje av tid slik at representantar frå bedriftene kan gjere ein viktig innsats.
Meld tilbake om kandidatar til anita@atilaa.no innan fredag 8. januar