Julemøte 26. november
NPF avdeling Sogn og Fjordane og Flora Industri- og Næringsforening arrangerer felles julemøte på Quality Hotell Florø torsdag 26. november kl 19.00
Møtet er ope for medlemmer og andre interesserte. Vi byr på to innlegg om aktuelle tema:
4 år og 4 brønnar utanfor Florø – kva no? innleiing ved leitesjef i Lundin, Halvor Jahre .
Innovasjon som skaper vinnarar innleiing ved administrerande direktør og partnar i Bookkeeper, Eivind Areklett Norebø.
Etter møtet vert det tradisjonen tru tilbod om julematbuffet. Dette er gratis for (personlege) medlemer i NPF og/eller dei som representerer medlemsverksemder i FIN. For andre kostar det 600 kroner å delta på serveringa om ikkje anna er avtalt.
Det er obligatorisk påmelding – seinast onsdag 25. november.