FIN medlem med nasjonal kampanje
Merkur og Rein Design i Førde skal få folk til å handle meir på nærbutikken sin. Saman med Merkur har design- og kommunikasjonsbyrået Rein Design jobba fram kampanjebodskap og –materiell til den nasjonale nærbutikk-dagen, laurdag 1 november. Kampanjen vil fokusere på kor viktig butikken er både som møteplass, servicesenter og salsstad for daglegvarer. Målet er å redusere handelslekkasjen og stimulere til meir lokal handel. Kring 600 nærbutikkar over heile landet kan melde seg på kampanjen og få materiellet gratis.
– Når du handlar lokalt, er du med på å oppretthalde nærbutikken og eit levande lokalsamfunn. Vi ønskjer å takke trufaste kundar for at dei sluttar opp om lokalbutikken. Samtidig vil vi utfordre dei som handlar lite lokalt, til å tenkje over kva butikken betyr for bygda, seier kommunikasjonsrådgivar Per Kjetil Jørgensen i Merkur.
– Det er spennande å få jobbe med haldningskampanjar når det gjeld noko så viktig som nærbutikken. For mange er nærbutikken avgjerande for å busetje seg i utkant-Norge. Difor har dette vore eit spesielt engasjerande prosjekt, seier byråleiar Joachim Vie og grafisk designar Heidi Gloppen i Rein Design.