Fellesmøte Måløy Vekst og FIN er UTSETT
Vi er svært lei oss for at den planlagde fellessamlinga for næringslivet i Florø og Måløy må utsettast.
Ettersom det pr no er ein uavklara smittesituasjon i Måløy, og at fleire skal testast for covid-19 i dag, så rådar smittevernoverlegen i Kinn oss til å ikkje gjennomføre arrangementet i morgon.
Vi er svært glad for at så mange hadde meldt seg på samlinga, og dette syner at det er eit stort ynskje om å få til eit tettare samarbeid og dialog mellom næringslivet i dei to byane. Vi vil difor komme tilbake med ein ny dato seinare i haust så snart det let seg gjere.
På vegne av Måløy Vekst og Flora Industri- og næringsforening beklager vi at dette ikkje let seg gjennomføre no, men smittevern og tryggleik må vege tyngst i den situasjonen vi er i.