Fagseminar om prestasjonskultur 8. april
Idrettskrinsen i Sogn og Fjordane inviterer til spennande seminar i Florø 8. april.
Quality Hotel Florø 8. april kl. 17.00 – 20.30
Prestasjonskultur er eit sentralt stikkord for tema på seminaret. Kva må til for å bygge kultur for å skape og gjenskape prestasjonar på høgt nivå i idretten? Dette er eit veldig aktuelt tema, også for næringslivet og næringslivsleiarar. Vi set fokus på leiing, samhandling, kvalitet og kontinuitet. Last ned PDF: Invitasjon fagseminar 8.4.16
Topp nasjonale og lokale forelesingskrefter:
- «Kroppspress, helse og prestasjon» v/ Jorunn Sundgot-Borgen
- «Kva ligg i botn for stadig å få fram utøvarar som presterer på høgt nivå? Kva er vi gode på og kva trur vi andre kan lære av oss?» v/ Jørund Årdal og Ole Morten Mardal, Gloppen Friidrettslag
- «Alt handler om kultur og ledelse for å bygge prestasjonskultur» v/ Bjørge Stensbøl
- Felles middag og hyggeleg samvær