EY på plass i Florø
Den 15. september opnar EY – som er medlem av FIN – kontor på Horne Brygge i Florø.
Ifølge regionleiar Kjartan Aa Berge er bakgrunnen for etableringa at EY allereie har fleire kundar i byen. Dessutan har sentrale aktørar i Florø utfordra EY på å ha eit eige kontor i byen.
Aa Berge slår fast at Florø har det mest spennande og dynamiske næringslivet i fylket. Målet til EY er å etablere eit kontormiljø for 2-4 tilsette i Florø.
– Vi erkjenner at nærleik til denne marknaden dermed er viktig for oss, og vi gler oss veldig til å bli betre kjende med byen og næringslivet i Florø, seier Kjartan Aa Berge, og ønskjer folk hjarteleg velkommen til ein uforpliktande prat i lokala i fjerde etasje.
Fakta om EY:
- EY er eit av verdas fire største revisjons- og rådgjevingsselskap.
- Selskapet tilbyr tenester innanfor revisjon, forretningsrådgjeving, transaksjonar og juridisk rådgjeving.
- EY har 190.000 tilsette i 150 land.
- I Norge har EY 1650 tilsette fordelt på 39 kontor.
- EY har frå før kontor i Måløy og Førde og har totalt 6 medarbeidarar i Sogn og Fjordane.