Årsmøteprotokoll 2020
Digitalt årsmøte i Flora Industri- og Næringsforening 14. mai 2020
16 personar logga seg inn på møtet via Teams.
PROTOKOLL
- Opning ved leiar i FIN, Gustav Johan Nydal.
Sakliste og innkalling vart godkjent. - Val av møteleiar
Gustav Johan Nydal vart vald. - Val av sekretær
Anita Øygard vart vald. - Val av to representantar til å skrive under protokollen.
Leif Belsvik og Janicke Svendal vart valde. - Årsmelding for 2019
Framlegg til årsmelding var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende årsmeldinga. - Driftstilskot 2020
Framlegget om vidareføring av dagens driftstilskot vart godkjent. - Styrehonorar 2020
Framlegget om vidareføring av dagens satsar for honorar vart godkjent. - Rekneskap for 2019 og budsjett 2020
Framlegg til rekneskap og budsjett var utsendt og vart gjennomgått. Årsmøtet godkjende rekneskapen. - Arbeidsprogram for 2020
Styret hadde i si innkalling oppfordra årsmøtet til å komme med innspel til arbeidsprogram. Det nye styret i FIN skal utforme arbeidsprogrammet og publisere det på nettsida.
Årsmøtet hadde følgjande innspel til arbeidsprogram:
- Nyrekruttering til FIN er viktig. Meir relevant for dei ein vil påverke om ein er fleire. Det er fleire nye teknologibedrifter som har etablert seg i Florø, som er aktuelle kandidatar.
- Jobbe med å få ned nettleiga for bedriftene. Forslag om å invitere SFE til eit medlemsmøte (skulle vore med på årsmøtet).
- Vassavgifta i kommunen. Høyringsfristen er utgått, men styret må sende uttale til gruppeleiarane / det politiske miljøet før vedtak i kommunestyret. Styret må involvere medlemmar i dette arbeidet.
- Samarabeide og ha felles samlingar med Måløy Vekst, Førde Industri og Næringssamskipnad og Bremanger Næringsforening.
- Vere synlege og bruke media aktivt.
- Trafikkproblema i sentrum, næringsareal og flyruter er stadig like aktuelt for FIN-medlemmane.
10. Val av styre
Innstillinga frå valkomitéen vart framlagt av Siv Merete Stadheim, og vedteken slik den låg føre.
Nytt styre FIN 2020:
Leiar Bjørn Hollevik (ny) vald for 1 år
Nestleiar Roald Førde (ikkje på val)
Styremedlem Thor Arne Ullaland (attval) vald for 2 år
Styremedlem Marianne Ullaland Knapstad (attval) vald for 2 år
Styremedlem Kristin Bergstøl Hansen (ikkje på val)
Varamedlem Svein Nødseth (attval) vald for 1 år
Varamedlem Albert Frøyen (ny) vald for 1 år
11. Val av valkomité
Etter innstilling, vart Siv Merete Stadheim (attval), Kjetil Søvik (attval) og Gustav Johan Nydal (ny) valde for 1 år. Valkomitéen konstituerer seg sjølv.
Anita Øygard Leif Belsvik Janicke Svendal