Accountor – nytt medlem i FIN
Under Aksello sitt frukostmøte i dag vart næringslivet i Flora oppfordra til å melde seg inn i FIN.
10 minutt etter møtet hadde vi fått ei ny medlemsbedrift 🙂
Accountor som har 15 tilsette i Førde og Florø fører rekneskap og gir økonomisk rettleiing – og er opptatt av utvikling i distrikta. Hanne Sølvi Rønnekleiv og dagleg leiar Anita Aasen fortel at dei har mange kundar i kystbyen, og dei meiner det er viktig å følgje med på det som skjer i det lokale næringslivet. Her finn du oversikt over alle medlemmane i FIN. Tips gjerne om andre firma som kan ha interesse av å bli medlem.
Vi ønskjer Accountor velkommen som nytt medlem i Flora Industri- og Næringsforening!