Fire av ti Kinn-bedrifter trur på vekst i år: – Dette er gode tal
Intervju med Bjørn Hollevik i Firdaposten 9. januar 2024
Intervju med Bjørn Hollevik i Firdaposten 9. januar 2024
Sjølv om enkelte bransjar slit, så er framtidstrua slett ikkje avgått ved døden blant bedriftene i Kinn kommune.
Det er humpete tider for anleggsbransjen, og bilbransjen har også sine utfordringar. Men i det store bildet går ting ganske bra i Kinn kommune, og det kan det også halde fram å gjere gjennom året vi nettopp har starta på. Slik kan ein kort oppsummere undersøkinga som Sentio Research utførte for næringsforeningane Måløy Vekst og Florø industriforeining på tampen av fjoråret.
I undersøkinga, der 93 Kinn-bedrifter tok seg tid til å svare, kom det fram at fire av ti bedriftsleiarar trur verksemda deira vil få fleire tilsette i løpet av dei neste 12 månadene. Fem av ti trur talet vil vere stabilt, medan berre ein av ti trur dei må kutte i bemanninga.
Tendensen er lik, uavhengig av om verksemdene ligg i Måløy eller i Florø-området – med eit lite unnatak. Når det gjeld verksemder som trur dei må kutte i bemanninga inneverande år, så ligg samtleg av desse i Florø.
Dette er likevel tal som leiar for Flora Industri og Næringsforening (FIN), Bjørn Hollevik, kan leve godt med.
– Ja, dette er svært positive signal totalt sett. Og dei føyer seg pent inn i eit større bilde, der NHO Vestland får tilsvarande tilbakemeldingar frå heile vestlandsregionen. Optimismen er der, seier Hollevik.
Kjelde: Sentio Research