Nytt styre – ny årsplan

Dette skal FIN og det nye styret jobbe med

Bli kjent med

det nye styret i Flora Industri og Næringsforening

På årsmøtet i FIN 7. juni 2023 vart desse valde inn i styret:

  • Bjørn Hollevik, leiar

    Grind AS

  • Kristin Bergstøl Hansen, nestleiar

    Slakteriet AS

  • Svein T. Nødseth, styremedlem

    Fokus Elektro AS

  • Linn Theres Nekkøy, styremedlem

    Norwell

  • Anders Johannes Lien, styremedlem

    iVest Consult AS

  • Tor Førde, varamedlem

    K. Jansen

  • Kristin Svardal, varamedlem

    HUB for Ocean

Arbeidsprogram FIN 2023

FIN vil som tidlegare engasjere seg i aktuelle saker som det er naturleg for foreininga å ta del i og uttale seg om.

FIN legg opp til minst 5 styremøte i året og har som siktemål å arrangere 2 medlemsmøte. Aksello sine frukostmøte er ein viktig arena for medlemmane i FIN. Aktuelle saker og arrangement skal formidlast via www.florain.no og e-post til medlemmane.

FIN vil som tidlegare engasjere seg i aktuelle saker som det er naturleg for foreininga å ta del i og uttale seg om. Dei viktigaste satsingsområda for styret i FIN vil vere:

Energikapasitet og nettleige

  • Tilgang på grøn energi.
  • Infrastrukturen for vatn og elektrisitet
  • Redusert nettleiga til bedriftene

Kommunikasjonar / transport

  • Å flytte transport frå land til sjø.
  • Flyrutene og flytilbodet.
  • Godstransport gjennom Florø sentrum

Kommunedelplan / arealplan

  • Næringsareal
  • Delta på møter og høyringar – konkrete innspel

Samarbeid med andre næringsorganisasjonar

  • FINS // Måløy Vekst // Bergen Næringsråd // S&Fj Næringsråd // Aksello

Samarbeid skuleverket

  • Flora VGS // Flora US
  • Rekruttering / lærlingar

Nettverksbygging

  • Aksello-prosjekt som t.d. U40 / Grøn vekst m.m.

Nyrekruttering FIN

  • Kontakt med nye/etablerte bedrifter i Florø
  • Synleg i media
  • Frukostmøta til Aksello