Ta meir utdanning sjølv – eller kanskje nokon du kjenner?
Søknadsfrist for høgare utdanning er 15. april!
Kampen om kvalifisert arbeidskraft blir stadig hardare. I eit lite fylke som vårt, vil denne kampen bli ekstra hard, ikkje minst om ein ser på prognoser for folketalsutvikling i åra som kjem. Samtidig veit vi at bare ein av fem som tar utdanning utanfor fylket kjem tilbake, medan fire av fem som tar utdanning i fylket blir verande. Med dette som bakteppe, blir det svært viktig at næring og akademia saman legge til rette at ein skal lukkast i kampen om framtidig rekruttering.
I Sogn og Fjordane, lokalisert til Førde og Florø, har vi fem ulike ingeniørutdanningar.
I Florø gir vi ei bachelorutdanning innan Havteknologi. Her kan studentane velje om dei vil rette utdanninga si inn mot havbruksbransjen eller om dei vil rette seg inn mot tradisjonell petroleumsrelatert undervassteknologi. Havbruksbransjen går svært godt, og pilene for petroleumsbransjen peikar klart oppover. I ei verd der knappheit på energi vil bli ei global utfordring, vil petroleumsproduksjon framleis spele ei sentral rolle i mange år framover. Samstundes er dette bransjen der mange av dei nye prosjekta innan fornybar energi har sitt utspring.
Les meir på HVL https://www.hvl.no/studier/studieprogram/2019h/hvt-f/
I Førde gir vi desse utdanningane:
- Bygg- og anleggsingeniør: Som bygg og anleggsingeniør skal du planlegge, prosjektere og leie arbeidet med nye bygg og anlegg. Ver med å skape framtida!
- Automatisering med robotikk: Ei utdanning innan automasjon gir deg ei svært framtidsretta utdanning då dette er fagfelt som er etterspurd i mange bransjar!
- Elkraftteknikk: Energiforsyning er heilt avgjerande for at eit moderne samfunn skal fungere, og det er i dag eit stort fokus på fornybar energi. Denne bachelorutdanninga gir spennande jobbmoglegheiter i ein bransje som har stort behov for kompetanse.
- Informasjonsteknologi: Bachelor i informasjonsteknologi gir deg ei grunnleggande og brei utdanning innan IT-faget. Du vil få god og praktisk kunnskap i utvikling, tilpassing og integrering av moderne programvare. Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet. Lær deg informasjonsteknologi, og gjer ein forskjell!Tilpassa inntak som gjer at dette ikkje er ei ingeniørutdanning – men spelar lita rolle i forhold til framtidig arbeid!
Opptakskrav til ingeniørutdanning er generell studiekompetanse, med fordjuping i matematikk R1 + R2 og Fysikk 1.
Ved mange av våre utdanningar har vi i tillegg lagt til rette for tilpassa opptak gjennom Tresemesterordningog Y-veg.
Usikker på om du er kvalifisert / kan kvalifisere deg?
Ta kontakt med studiekoordinator
Øyvind Østrem, mob 46936023 el. mail: oyo@hvl.no