Industrikommunen Flora – kort historikk

1860: Byen Florø blir grunnlagt. Bakgrunnen er dei rike sildefiskeria på denne delen av kysten. Men silda forsvinn få år seinare.

1890-1910: Sterk vekst i Florø på grunn av oppsving i fiskeria og fiskeindustrien. Fleire fiskebåtreiarar og større fiskefartøy i byen, også fiskedampskip.

1906: Første båtslipp blir etablert i Stranda like utanfor bygrensa til Florø.

1908: Hermetikkfabrikken Florø Conservesfabrikk AS blir etablert i Hesteneset. Her var hermetikkproduksjon fram til i 1980-åra, deretter lakseslakteri. I dag er anlegget eigd av Slakteriet AS.

1910: Første sildoljefabrikk blir starta ved Kanalen i Florø. Den var i drift til ca. 1970. 1937: Florø Kjølelager AS blir etablert. Selskapet bygde fryserianlegg på Fugleskjerskaia. Frå 1978 var anlegget leigd av Skaarfish, som seinare flytta til nytt fabrikkanlegg i Gunhildvågen. 1945-1957: Store sildefiske utanfor Florø, med veldig aktivitet i byen i sildesesongen om vintrane.

1949: Ankerløkken Mek. Verksted på Hamar etablerer avdeling i Florø under namnet Ankerløkken Slipper & Mek. Verksted. I 1952 starta bedrifta med bygging av båtar. Verftet blir snart hjørnesteinsbedrifta i Florø, med over 500 tilsette på det meste i 1970-åra. Ankerløkken i Florø gjekk konkurs i 1985. Men skipsbygginga starta opp att i 1989, under ulike eigarar og selskapsnamn dei seinare åra. I dag er bedrifta STX Norway Florø.

1952: Sildefiskernes Fabrikklag set i drift ny stor sildeoljefabrikk i Gunhildvågen. Fabrikken er i drift til 1980. I 1988 kjøper EWOS fabrikkanlegget og har sidan bygd det ut til verdas største fiskefôrfabrikk.

1963: AS Ekvator startar produksjon av elektriske varmeomnar i Havreneset. Fabrikken var starten på det som i dag er industrikonsernet Vestnes i Florø.

1964: Kommunane Florø, Kinn, Bru og Eikefjord går saman i storkommunen Flora.

1970: Familien Belsvik startar Florø Vaskeri AS og overtar vaskeriet ved fylkessjukehuset i Florø. Dette er starten på det som i dag er vaskerikonsernet NorTekstil.

1972: Flora kommune reiser første industribygg i Industrivegen i Havreneset. Seinare kjem det fleire industribygg i området. NorTekstil har i dag hovudkontor her.

1979: Oljealderen startar i Florø. Fugleskjersterminalen blir forsyningsbase for Gulf og Amoco i samband med leiteboring utanfor Sogn og Fjordane. Saga Petroleum etablerer seg i Florø i 1981.

1984: Per Nødseth og Oddgeir Igland dannar INC-gruppa – som i dag er den største lokalt eigde industrigruppa i Sogn og Fjordane.

1985: Statoil etablerer seg i Florø. Oljebasen Fjord Base på Botnaneset opnar, etter ei utbygging i regi av Botnaneset Industriselskap AS (etablert 1981).

1988: Brødrene Aa i Hyen etablerer ei avdeling av båtbyggeriet sitt i Eikefjord. Anlegget er i dag båtverkstad under namnet Norwegian Marine (INC-selskap). 1988: Skaarfish tar i bruk nytt produksjonsanlegg for laks, sild og makrell i Gunhildvågen og blir verdas største lakseeksportør. I dag driv Norway Pelagic anlegget.

1989: Fiskefôrfabrikken EWOS etablerar seg og startar produksjon i Gunhildvågen.

1992: Saga Petroleum startar produksjonen på Snorre-feltet. Driftsorganisasjonen for Snorre er delt mellom Florø og Stavanger.

1996: Statoil legg sentralhamna si for rør i Europa til Fjord Base.

2007-2012: Store utvidingar av Fjord Base både mot vest og mot aust (Botnastranda).

2008: GDF SUEZ etablerer seg på Fjord Base som operatør for Gjøa-feltet. Gjøa-plattforma startar produksjonen i 2010.

2012: BG Norge etablerer seg på Fjord Base som operatør for Knarr-feltet.

2014: Fjord Base får godkjent reguleringsplan for ei utbygging vestover, som vil gje eit nytt areal på inntil 300 dekar. EWOS feirar 25 år i Florø.

2015: Olje- og gassfeltet Knarr opna frå BG sine lokale i Florø. Plattformskipet «Petrojarl Knarr» starta produksjon av olje.