NAV jobbmesse januar 2019

Jobbmesse 17. januar 2019

Til arbeidsgjevarar i Sunnfjord / Høyanger/ HAF

NAV vil informere om at neste store jobbmesse blir torsdag 17. januar 2019.  Sett av datoen, meld gjerne tilbake interesse/påmelding allereie no.

STAD: Førdehuset som sist, men i idrettshallen denne gongen slik at vi får betre plass.

TID: Torsdag 17. januar 2019. Messa er lagt til januar slik at sommarjobbane som ofte vert lyst ut på denne tida, også kan promoterast på messa. Det er kjekt med flest mogleg ledige stillingar på ei slik messe. Fleire arbeidsgjevarar har også gitt uttrykk for at januar er eit betre tidspunkt.

Om di bedrift treng oppbemanning før dette tidspunktet så gje melding om dette til  din marknadskontakt.

Vi hjelper gjerne til med til med å finne eigna kandidatar som har den kompetansen du treng.

Med vennleg helsing  Marknadsteam Sunnfjord, Høyanger og HAF.

arne.varden@nav.no

Accountor - ny medlemsbedrift i FIN

Accountor – nytt medlem i FIN

Under Aksello sitt frukostmøte i dag vart næringslivet i Flora oppfordra til å melde seg inn i FIN.

10 minutt etter møtet hadde vi fått ei ny medlemsbedrift 🙂

Accountor som har 15 tilsette i Førde og Florø fører rekneskap og gir økonomisk rettleiing – og er opptatt av utvikling i distrikta. Hanne Sølvi Rønnekleiv og dagleg leiar Anita Aasen fortel at dei har mange kundar i kystbyen, og dei meiner det er viktig å følgje med på det som skjer i det lokale næringslivet. Her finn du oversikt over alle medlemmane i FIN. Tips gjerne om andre firma som kan ha interesse av å bli medlem.

Vi ønskjer Accountor velkommen som nytt medlem i Flora Industri- og Næringsforening!

Styret FIN 2018

Nytt styre i FIN

Årsmøtet i Flora Industri- og Næringsforening gjekk av stabelen onsdag 25. april. Gustav Johan Nydal vart vald til ny leiar etter at Bjørn Hollevik takka nei til gjenval – etter 12 år i førarsetet.

Det nye styret i  FIN 2018 er samansett av:
Leiar                            Gustav Johan Nydal (ny) vald for 2 år
Nestleiar                     Tore Havn (ikkje på val)
Styremedlem             Thor Arne Ullaland (attval) vald for 2 år
Styremedlem             Marianne Ullaland Knapstad (ny) vald for 2 år
Styremedlem             Kristin Bergstøl Hansen (ikkje på val)
Varamedlem              Roald Førde (attval) vald for 1 år
Varamedlem              Janicke Svendal (ny) vald for 1 år

Kontaktinfo styret 2018

Protokoll årsmøte FIN 2018

Flora Industri og Næringsforening. Høyring ruteflytilbod Sør-Noreg.

HØYRING ruteflygingar i Sør-Noreg

Samferdselsdepartementet ber no om innspel i samband med arbeidet med ny konkurranse om drift av regionale ruteflygingar i Sør-Noreg frå 1. april 2020. Les pressemeldinga her.

Høyringa, der involverte fylkeskommunar og andre relevante instansar kan kome med innspel til prosessen med statleg kjøp av flyruter, utgjer ein viktig del av avgjerdsgrunnlaget for Samferdselsdepartementet ved den komande konkurransen om drift av dei regionale flyrutene i Sør-Noreg. Høyringsfrist 28. mai 2018.

HØYRING

Samferdselsdepartementet har òg bestilt ei ekstern utgreiing om det statlege kjøpet i Sør-Noreg frå 1. april 2020. Møreforskning Molde AS har i samarbeid med Transportøkonomisk institutt gjennomført utgreiinga som sikrar departementet eit solid fagleg grunnlag for det vidare arbeidet med kjøp av regionale flyruter i Sør-Noreg frå 1. april 2020.

Les Møreforsking si utgreiing (PDF)

Eidsfjord Fjord1 Flora Industri og Næringsforening

Velkommen om bord i Eidsfjord

Den nye el-ferja Eidsfjord ligg ved kai i Florø, og medlemmane i FIN er velkommen til omvisning om bord.
 
Fredag 9. februar frå kl 9.00 til kl.10.00
Dette er veldig kort varsel, men slik vart det – vi må berre gripe sjansen!
Meld snarast tilbake om firmaet ditt vil vere med – og kor mange de er som stiller.
Send svar til: anita@atilaa.no
Bedriftsvekst i Florø - Flora Industri og Næringsforening

37 nye verksemder i Flora

– Flora har i fleire år lege veldig høgt oppe når det gjeld evne til omstilling. Dette er på nytt eit døme på at det faktisk er sant, seier leiar i FIN Bjørn Hollevik til Firdaposten 3. februar.

Heilt ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i løpet av fjoråret var ein auke på 37 verksemder i Flora kommune. Så då landar ein på totalt 1207 føretak per 1. januar 2018. Dette er då stort og smått, alt frå enkeltpersonføretak til AS.

Les meir i Firdaposten 3.2.2018

FOT-ruter Flora - FIN

Tvilar på «hurtigspor» i FOT-saka

8. februar skal Samferdsledepartementet, Frida Melvær, ordførar Ola Teigen og leiar i FIN Bjørn Hollevik møtast og diskutere moglegheitene for FOT-ruter i Florø.

– Vi har fått mykje god informasjon om situasjonen både frå Flora kommune ved ordførar Ola Teigen, men også frå Flora Industri- og Næringsforening. Mellom anna korleis situasjonen i dag blir opplevt, og kva som har blitt gjort for å forsterke konkurransen ved lufthamna. Det blir dessutan eit møte mellom Samferdsledepartementet, Flora kommune og industriforeininga 8. februar, der dette vil vere tema, legg Melvær til.

Les meir i Firdaposten 30. januar