NAV jobbmesse januar 2019

Jobbmesse 17. januar 2019

Til arbeidsgjevarar i Sunnfjord / Høyanger/ HAF

NAV vil informere om at neste store jobbmesse blir torsdag 17. januar 2019.  Sett av datoen, meld gjerne tilbake interesse/påmelding allereie no.

STAD: Førdehuset som sist, men i idrettshallen denne gongen slik at vi får betre plass.

TID: Torsdag 17. januar 2019. Messa er lagt til januar slik at sommarjobbane som ofte vert lyst ut på denne tida, også kan promoterast på messa. Det er kjekt med flest mogleg ledige stillingar på ei slik messe. Fleire arbeidsgjevarar har også gitt uttrykk for at januar er eit betre tidspunkt.

Om di bedrift treng oppbemanning før dette tidspunktet så gje melding om dette til  din marknadskontakt.

Vi hjelper gjerne til med til med å finne eigna kandidatar som har den kompetansen du treng.

Med vennleg helsing  Marknadsteam Sunnfjord, Høyanger og HAF.

arne.varden@nav.no

Styret FIN 2018

Nytt styre i FIN

Årsmøtet i Flora Industri- og Næringsforening gjekk av stabelen onsdag 25. april. Gustav Johan Nydal vart vald til ny leiar etter at Bjørn Hollevik takka nei til gjenval – etter 12 år i førarsetet.

Det nye styret i  FIN 2018 er samansett av:
Leiar                            Gustav Johan Nydal (ny) vald for 2 år
Nestleiar                     Tore Havn (ikkje på val)
Styremedlem             Thor Arne Ullaland (attval) vald for 2 år
Styremedlem             Marianne Ullaland Knapstad (ny) vald for 2 år
Styremedlem             Kristin Bergstøl Hansen (ikkje på val)
Varamedlem              Roald Førde (attval) vald for 1 år
Varamedlem              Janicke Svendal (ny) vald for 1 år

Kontaktinfo styret 2018

Protokoll årsmøte FIN 2018

El-ferja Eidsfjord, omvisning for medlemmane i FIN

Om bord i el-ferja Eidsfjord

Eidsfjord Fjord1 Flora Industri og Næringsforening

Velkommen om bord i Eidsfjord

Den nye el-ferja Eidsfjord ligg ved kai i Florø, og medlemmane i FIN er velkommen til omvisning om bord.
 
Fredag 9. februar frå kl 9.00 til kl.10.00
Dette er veldig kort varsel, men slik vart det – vi må berre gripe sjansen!
Meld snarast tilbake om firmaet ditt vil vere med – og kor mange de er som stiller.
Send svar til: anita@atilaa.no
Julemøte FIN 2017

Julemøte torsdag 14. desember

Saman med Norsk Petroleumsforening avd. SFJ inviterer Flora Industri- og Næringsforening torsdag 14. desember kl 19.00 til felles julemøte på Quality hotell i Florø.

Møtet startar med fagleg program: 

Geir Johannessen, administreranden direktør i INC Invest AS, vil orientere om status for utviding av Fjord base og om vidare planar for bruken av området, deriblant dei spanande planane om eit grønt cluster. Han vil også gå nærare inn på den nyvunne kontrakten med seismikkselskapet PGS https://www.pgs.com/about-us/ og kva dette vil/kan innebere for regionen med tanke på aktivitet og etterspurnad etter varer og tenester.
Etter presentasjonen blir det julematbuffet etter tradisjonell lest.

Vi ber om påmelding snarast mogleg og seinast 12. desember. De må der opplyse om de ønskjer servering eller ikkje. Denne er gratis for dei som representerer medlemsverksemder i FIN og/eller er personlege medlemer i NPF. For andre/ikkje-medlemer kostar servering 500 kr.

Ikkje-medlemer som melder seg inn i NPF/FIN før møtet, vil sleppe dette og difor i praksis få kraftig rabattert kontingent.  NPF medlemskap: https://www.npf.no/medlemsfordeler/category174.html  FIN medlemskap: www.florain.no

Påmelding julemøte:  https://sfj.pameldingssystem.no/julemote-2017#/form

Etter vellukka påmelding vil de få ei stadfesting per e-post sendt frå «Sogn og Fjordane fylkeskommune (pameldingssystem).Om de seinare vil melde dykk av eller endre noko, er det fint om de kan gjere det ved å følgje lenka i den e-posten.

Frukostmøte 7. desember

Frukostmøte 7. desember

Aksello inviterer til frukosmøte 7. desember: http://aksello.no/frukostsamling-7-desember/

Dagens tema: Kystvegen og nye inkubatorbedrifter

  • Kystvegen Måløy-Florø, status og vegen vidare, v/ Reidar Sandal
  • Shipadmin AS – ein partnar i digital utvikling, v/Stian Terøy
  • Nye inkubatorbedrifter presenterer seg
  • Ordet fritt

Meld deg på HER

Frukostmøte 2. november

Aksello ønsker velkommen til ny Frukostsamling den 2. november. Frukost og kaffe vert som vanleg servert frå kl 07.30; innlegg frå kl. 08.00 til 09.00.

Fagleg skulle det være noko for ein kvar smak:

  • Flora Videregåande sitt Malawi-prosjekt, v/elevar og lærar
  • Guleslettene Vindkraft status v/Olav Rommetveit
  • Sogn og Fjordane Næringsråd v/Leon Bakkebø
  • Ordet fritt

Samlinga finn stad i Aksello sine lokaler i Magnus Thingnesgt. 1, 4.etasje (Kvartalet).

Kom og høyr, diskuter og utvid din horisont!

PÅMELDING

Vekst i Vest

Vekst i Vest 16.11. 2017

Vi minner om petroleumskonferansen Vekst i Vest på Flora Samfunnshus torsdag 16. november. Vi håper og trur at dette vert ein nyttig nettverksarena med godt høve til å oppdatere seg på det som skjer innan petroleumssektoren, ikkje minst i Nordleg del av Nordsjøen. Så langt har 90 meldt seg på. Det er bra, men vi håper sjølvsagt at også du finn det interessant å delta. Tips gjerne venar og kollegaer.

Konferansen vert arrangert av Sogn og Fjordane fylkeskommune i samarbeid med Maritim Forening Sogn og Fjordane og Norsk Petroleumsforening Sogn og Fjordane.

For program, informasjon og påmelding til Vekst i Vest-konferansen 16. november og eventuelt til konferansemiddag kvelden før, TRYKK HER.

Dagen før, onsdag 15. november, arrangerer Maritim Forening Sogn og Fjordane nettverkssamling. Også denne vert arrangert i Florø. Om du ønskjer å delta både på nettverkssamling og på konferanse, kan påmeldinga med fordel skje samla på sidene til MFSF. For informasjon og påmelding, TRYKK HER.